Lånereglar ved Nord-Fron bibliotek Du kan få nasjonalt lånekort (Bibliotekkortet) som du kan bruke ved alle bibliotek i Noreg, eller lokalt lånekort. Lokalt lånekort kan kun brukast ved Nord-Fron bibliotek. Oppgradering av lokalt lånekort til nasjonalt lånekort krev registrering av fødselsnummer, D-nummer eller DUF-nummer. Det er gratis å låne på biblioteket. Ha alltid med lånekortet. Du er ansvarleg for alt som blir lånt på ditt kort. Meld adresseendring og tap av kort. Du er sjølv ansvarleg for at personopplysningar er riktige og oppdaterte. Personopplysningar kan endrast på «Mine sider» på heimesida til biblioteket eller ved å gi beskjed til biblioteket. Lånetida kan som regel forlengast. Dette kan du gjere via heimesida til biblioteket eller ved å ta kontakt med biblioteket. For sein innlevering fører til gebyr. Tapt eller skada materiale må erstattast. For å få lånekort, må du vise godkjent legitimasjon og skrive under på at du har godteke reglementet. Misbruk av biblioteket sine tenester kan medføre tap av lånerett. Dei tilsette på biblioteket har teieplikt. Lånekort for barn: Barn får eige lånekort frå 1. klasse. Barn under 15 år får lokalt lånekort og må ha signatur frå føresett. For sein innlevering og purregebyr: Når purring på for seint innlevert materiale er sendt via e-post eller brev må lånar betale purregebyr. * 1. purring: Gratis * 2. purring: Gratis * 3. purring: Kr. 50, - Erstatning ved manglande innlevering og øydelagt materiale: * Bøker og lydbøker: Kr. 400, - * Filmar: Kr. 200, - * Språkkurs: Kr. 800, - * Tidsskrift: Kr. 50, - Ved erstatning av innlånte bøker frå andre bibliotek, må lånar betale det eigarbiblioteket krev.