Kontrakt for bruk av meirope bibliotek Velkommen som brukar av Nord-Fron bibliotek sitt meirope bibliotek. Denne kontakten gjev deg som er 18 år eller eldre tilgang til biblioteket kvar dag frå kl. 08.00 – 22.00. Biblioteket er eit offentleg rom som skal vera til glede og nytte for alle. Det meiropne biblioteket byggjer på eit tillitsforhold mellom deg som brukar og biblioteket. Du må rette deg etter biblioteket sine ordensreglar både når biblioteket er bemanna i vanleg opningstid, og når det er ubemanna i meirope-tida. Ved å skrive under på denne kontrakta vil du få oppgradert lånekortet ditt til eit tilgangskort. Du forpliktar deg på same tid til å overhalde desse reglane: * Kortet er personleg og skal berre brukast av deg. * Du skal ikkje sleppe inn andre saman med deg. Unntaket er foreldre/føresette som kan ta med seg barn inn. Dei skal vera saman med og sjå etter barna mens barna er i biblioteket. * Hald ro og orden og vis omsyn til andre bibliotekbrukarar. Nokre er her for å ha ein stille plass der dei kan studere, jobbe eller lesa. * Rydd etter deg før du forlèt lokalet. * Kaffiautomaten er tilgjengeleg. Du betalar med Vipps til biblioteket. * Kontrakten er personleg. Brot på denne kan føre til at du mistar retten til tilgang til meirope bibliotek. Biblioteklokala er video-overvaka i meirope opningstid. Dette er for at du som brukar skal kunne kjenne deg trygg og som vern av biblioteket sitt inventar, utstyr og mediesamling. Opptak blir oppbevart etter gjeldande lover og føreskrifter. Hærverk vil bli meld til politiet, og ein vil bli stilt ansvarleg for eventuelle øydeleggingar. Opphald i biblioteket i meirope-tida skjer på eige ansvar. Du må forlate biblioteket om brannalarmen går. Eg har lese kontrakten og godtek vilkåra.